Opptadd!

I operaen.

Eg hev så mykje å gjere om dagen at eg ikkje har fått vigd så mykje tid til denne bloggen som eg eigentleg hev hatt lyst til. Målet mitt er å bruka han meir aktivt til å skriva om ting som opptek meg, nemleg musikkvitskap, fridom på verdsveven og personvern.

Den siste tida her eg mellom anna:

  • Skrivi utruleg mykje talko-kode. Eg trur me byrjar å sjå gode resultat. talko er publisering og dugnad for vev gjort riktig.
  • I forlenginga av det gleder eg meg til å ta fatt på Bikuben, som er det neste prosjektet til E-tenesta. Der skal det vere mogleg å teke del i digital dugnad på verdsveven.
  • Eg har lest ein god del litteratur. Mellom anna tilrår eg:
    • Empirical Musicology, redigert av Eric Clarke og Nicholas Cook. Eg blir glad av å lese Tia DeNora.
    • Ringdrotten, omsett av Eilev Groven Myhren.
    • Getting Real, av 37Signals, som handlar om motivering, tidsbruk og føretaksstyring. Eg har blitt mykje meir produktiv. Bli ekte du òg!
    • Mellom triumf og tragedie, biografi om Geirr Tveitt av Reidar Storaas. Sjølv om boka er svært farga av biografen så er han verd å lese. Eg hev så vidt starta på ho.
  • Skrivi eit nytt vevlogg-system. Berre for å øve meg.
  • Skrivi (og holdt) ei innleiing om datalagringsdirektivet.
  • Laga ein ny bunad til Raudts nye vevsider som kjem i november. Det har teke utruleg mykje tid, og eg er ennå ikkje ferdig.
  • Planlagt oppgraderinga av Raudts sider: Det er mykje folk involvert. Men eg elskar dugnad.
  • Sett ein del oppsetjingar på den nye operaen. Daniel Barenboim og East-Western Divan Orchestra fremførde mellom anna fyrste akt av Die Walküre, som var heilt, heilt himmelsk.
  • Skrivi ein strykekvartett-oppgåve på skulen. Eg trudde ikkje det skulle ta 13 timar å instrumentera ho.
  • Vori på litteraturfestival for fyrste gong. Eg likar å gjere nye ting. Der møtte eg Binka, ElisabethIC og Kristin Storrusten.

Hei so lengje!

Oppdatert: Onsdag 24. september 13:28 CET

Andreas Tolf Tolfsen