/~ato/weblog

Skip to navigation.

… og etter det, onsdag

Andreas Tolf Tolfsen

Det er svært lite truleg at nokon kjem til å synest detta er interessant. Eg snakkar veldig sjeldan om meg sjølv, men eg må vedgå at var litt stas å bli å bli tægga av Binka. Altso, her kjem eit heilt unikt glimt frå det Tolfske liv:

  1. Eg hatar ineffektive- og ulogiske folk. Eg blir t.d. fort forbanna om nokon forstyrrar ei elles fin framdrift og flyt i infrastruktur. Som når nokon går kjempesakte, sperrar heile vegen, og hindrar andre i å koma fram. Kort fortald likar eg effektivitet, og gode, elegante løysingar; same kva område det gjeld. Det er noko veldig vakkert ved ting som funkar og ganske enkelt passar perfekt inn i verda umkring oss.
  2. Eg er dårleg på å førebu ting. Tross inntrykket folk hev av meg som strukturert, er eg veldig impulsiv, og lagar oftast dei beste og mest vellukka tinga i siste lita.
  3. Eg kan fort gløyme å ete i fleire dagar.
  4. Eg drøymer um å skapa (eit større) musikkdramatisk verk. Eg lagar mykje greier, men er enormt sjølvkritisk, og kvir meg ofte for å framføre noko av det.
  5. Eg likar å vera kreativ, og elskar kjensli av rusen når noko du hev jobba med er ferdig.
  6. Eg skal spela Haydn og Tveitt på ein huskonsert på fredag. Same dag eg skal innlevere heime-eksamenen min i jazz/pop/rock som eg (skulle) jobba(r) med no. Hurra.

Reglane for tægginga er:

  1. Du må lenke til bloggen som tægga deg
  2. Lag ei liste med seks (u)interessante ting um deg sjølv
  3. Tægg fem andre bloggar, og la dei vite det ved å kommentere på bloggen deira

Men som vi alle veit, er reglar til for å brytast. So for å spara meg sjølv for alt det eg ikkje vil vite om dei resterande vennane mine, vel eg å ikkje tægga nokon som helst.

Last updated:

Comments