/~ato/weblog

Skip to navigation.

Um livet mitt var ein film, kva ville musikken vori?

Andreas Tolf Tolfsen

Denne lista fann eg hjå Benteland, som igjen hadde rappa honom frå Glamourbibliotekaren. Eg plar ikkje dela so mykje or mitt eige liv, men håpar denne er interessant; musikken er i alle fall (stort sett) fantastisk!

Her er framgangsmåta:

  1. Open your library (iTunes, Winamp, Media Player, iPod, etc.)
  2. Put it on shuffle
  3. Press play
  4. For every question, type the song that's playing
  5. When you go to a new question, press the next button
  6. Don't lie and try to pretend your cool…

(Eg må innrømme at eg juksa litt, og byta um tvo av songane under. Dykk kann jo prøva å gjetta.)

Opening Credits
Mjaskovskij: Symfoni nr. 4 i e-moll, op. 17, I. «Andante, Mesto con Sentimento». Passer merkeleg bra. Trur eg var heldig med å treffa fyrstesatsen.
Waking Up
Grieg: Sechs Lieder, op. 48: VI. «Ein Traum» med Anne Sofie von Otter. Kven vil ikkje vakne upp til von Otter? Litt romanse i morgonen er berre sunt for sjela.
First day of School
Tveitt: Hundrad hardingtonar frao Hardanger, V. «Stavkyrkjestev». Fin den, men kanskje ikkje første skuledag. «Jeg er visst kommet på en feil klode! Her er så underlig…»
Falling In Love
Percy Grainger: «Hill Song No. 2». Tja, kanskje ikkje! (Men eg blir like imponert over korleis Grainger skriv for janitsjarorkester kvar gong, men kva blir vel ikkje bra når det er Sir Simon Rattle som dirigerer?)
First Kiss Song
Mendelssohn: A Midsummer Night’s Dream, op. 21: Ouverture Historia kring mitt fyrste kyss kann kanskje minne noko om «handlinga» i denne ouverturen, ja. Det var til og med ei midsumars natt!
Fight Song
Bartók: Concerto for Two Pianos, Percussion and Orchestra, I. «Assai lento - Allegro molto». Haha. Fyrste delen passar kanskje bra som opningen av ein skikkeleg skrekkfilm, men jo; kvifor ikkje?
Breaking Up
Saint-Saëns: Le Carnaval des Animaux (Dyrenes karnival), IV. «Tortues» («Skilpaddene»). Definitivt ikkje! Å slå upp måtte helst vera Verdis Requiem, ein dramatisk opera eller noko liknande.
Prom
Graham Dalby & The Grahamophones: «Hollywood's Got Nothing On You». Hihi. Perfekt dansemusikk, sjølv for eg som ikkje dansar. Eg kunne kanskje vurdert det um dei spela denne. Eg elskar jazz i 1920-1930-tals stil.
Life
Ole Paus: «Margrethe Munthes Revival». (I hvilken anledning det passer å bytte til riksmål.) Mitt liv passer definitivt ikke inn i Margrethe Munthes oppdragelseskodeks, men Paus sin satire identifiserer jeg meg godt med. «Husk krigen, husk alt sammen, Eidsvoll Turn og bjerkestammen, og hvert fjell som var i samme båt!» Kunne ikke sagt det bedre selv.
Mental Breakdown
Rachmaninov: Klaverkonsert nr. 2 i C-moll, op. 18, I. «Moderato» passar ganske godt. Du skal leta lengje etter meir dramatisk og treffande musikk enn Rachmaninov. Det er noko sentimentalt, men samstundes storslått over Rachmaninov og russarane. Um eg skulle velje hadde det stått mellom Rachmaninov eller Mahler.
Driving
James Brown: «Ain't That a Groove». Fin kjøyrelåt dette her. Store solbriller, sol og sumar.
Flashback
Chopin: Klaverkonsert nr. 2 i F-moll, op. 21, III. «Allegro vivace». Mm. Eg skulle berre eg hadde upplevd noko so lyrisk.
Getting Back Together
Valkyrien Allstars: «Alli meir». «Aiaiai alt eg heve drukkje, eg va så sjuk at eg tenkte flytte.» Haha. Alli meir!
Wedding
Strauss: Eine Alpensinfonie, op. 64: «Sonnenaufgang». Ja, absolutt! Klisjé so det held!
Birth of a Child
Joni Mitchell: «Chelsea Morning». Ja, kvifor ikkje?
Final Battle
Wagner: Lohengrin, 1. vendingi, 3. bilete. «Durch Gottes Sieg ist jetzt dein Leben mein: Ich schenk es dir, mögst du der Reu es weihn!» Veldig passande. Den store kampen i fyrste vendingi or Lohengrin er bra kampmusikk, og helten sparar livet til den slemme grev Telramund.
Death Scene
Björk: «All Is Full of Love». Lyrisk død. Passande, faktisk.
Funeral Song
Monrad-Johansen: Fem Bibelske Sanger, op. 25, I. «Lukas 11:46». «Jesus svara: «Ve yver dykk lovkunnige og! De lesser svære byrer på folk, og sjølve rører de 'kje byrderne med ein einaste finger.» Nja. Dystert.
End Credits
Bach: Das Wohltemperierte Klavier, fyrste bok, «Fuge i C-moll», BMW 847. Perfekt balanse, dramatikk, utvikling, framgang, stille avslutning. Jada. Denne kan funke.

Last updated:

Comments