Posts tagged with "abort"

Sjølvbestemd abort – ikkje i Nord Irland

I 1967 blei sjølvbestemd abort innførd i Storbritannia. Men ikkje i Nord-Irland. Dette er å gjere grov skilnad på folk. Det har teken 40 år før desse kvinnane hev moglegheita til å få dei same rettane som sine britiske systre. Eg håpar berre ikkje den katolske kyrkja øydeleggjar no igjen.

Andreas Tolf Tolfsen

Opphøgd kunst

Eg har alltid førestelt meg at kunst laga idag er ein måte å vere med i ordskiftet i samfunnet på. Men mi førestilling har aldri vore, at den ulikt alt anna i samfunnet, er unnteki frå kritikk. I dag høyrte eg på MusikkmanesjenNRK Alltid Klassisk kor komponisten Egil Hovland blei intervjua av journalisten Arild Hansson.

Egil Hovland har tidlegare stilt på Abort-motstandernes Liste i Østfold, ei galen abortmotstandard-sekt leia av fanatikarane Børre Knudsen og Ludvig Nessa, og forklarte i programmet at han hadde tilegna eit verk for solo bratsj og orkester til «alle ufødte barn». «- Jaha,» sa Hanssos litt tvilande, men fortsatte snøgt vidare. «- Dette ble mitt bidrag i abortkampen,» svarte Hovland.

Eg synst det er feigt å ikkje spørje kvifor. Det er sjølvsagt feil å meine at abort er ei synd. Men er Hovlands meiningar unnteki frå kritikk fordi han er kunstnar – eller komponist?

Om dette var Hovlands tilskot til abortkampen synst eg det er verdt å kritisere. Det er rett å spørje kva som er hans logiske argument for å gå mot abort, og det er rett å vere usamd med han. Han tek feil, og det er feigt av Hansson å ikkje sette søkjelys på kvifor.

Andreas Tolf Tolfsen

Ein pave som nektar å kome til eit kompromiss

Den katolske kyrkja kan hende endrar synspunkt på nokre ting, men abort er ikkje ein av dei, skriv den britiske avisa The Independent. Pave Benedict XVI har nyleg vert ute og kritisert Amnesty International for deira «liberale» syn på saka.

Læra i den katolske kyrkja seier at eitkvart menneskje fyllas av ein sjel frå dei blir lagd. Pave Johannes Paul II sa i 1995 at abort var ein «alvorleg, umoralsk handling», og viste mellom anna til Davids salme nr. 51.

Andreas Tolf Tolfsen