Afghanerane fjerna kl. 1 i natt
Arnljot Ask, internasjonal sekretær i partiet Raudt skreiv ein e-post til interndebattlista i partiet i kveld, omkring kl. 2, kor han rapporterte at alle dei 42 afghanarane vart fjerna frå Eidsvollsplass, utanfor Stortinget.
Over halvparten har no blitt sendt til Trandum, og ein reknar med at resten vil bli sendt på ventemottak.
Afghanarane risikerer no å bli tvangsreturnerte til eit krigsherja land, mot FNs tilrådingar. Eg skreiv for berre tre dagar sia om at sju barn vart drepen i eit flyangrep på ein skule. Det er dette landet som regjeringa, Stortinget og den borgerlege pressa vil at du skal tru er trygt.
Noreg er no i ferd med å sende mange menneskje til eit krigsherja område, og med det ein høgt framskynda død. Og vi som nordmenn er med på å la dette skje.
Møt opp utanfor Stortinget i kveld kl. 18:00 for å demonstrere mot regjeringas innvandringspolitikk, og vis din støtte til dei 42 afghanarane som akkurat har gått pilegrimsruta frå Trondheim til Oslo i eit siste forsøk på å få norske myndigheiter til å høyre.
