- Fattigare liv utan musikk
Den verdskjente pianisten og dirigenten Daniel Barenboim har uttrykt uro for at musikk forsvinn frå timeplanane til skulane. Han seier: «Musikk har forsvunni frå pensum og det har dyptgripande konsekvensar. Det betyr at det er milliardar av menneskje som ikkje har noko kontakt med musikk, og eg trur at deira liv blir fattigare av det.»
Eit av argumenta han bruker er at musikk blir sett på som «elitistisk» om kun nokre få får praktisere musikk. Kan det vere med på å skape eit kulturelt klasseskilje om denne tendensen får halde fram?
