Posts tagged with "fildeling"

MTV sensurerer fildelingsprogramvare hjå Wierd Al

MTV har tidlegare vore i månge kontroversielle saker. Mellom anna at dei ikkje ville vise musikkvideoaene til Michael Jackson (som på den tida var svart) på 80-talet, for deira unplugged-program, og liknande. No viser det seg at dei har sensurert ut namnane på ei rekkje fildelingsprogram frå Wierd Al Yankovics Don’t Download This Song musikkvideo. Dei fleste av fildelingstenestane han nemner eksisterer ikkje lengre, men ein kan lure på kvifor MTV ser på dette så alvorleg. Føler dei, som resten av musikkbransjen, truga av fildeling?

Andreas Tolf Tolfsen

Kuttar nettlinja til fildelarane

Kulturminister Trond Giske vil kutte nettlinja til dei som lastar ned musikk ulovleg frå verdsveven. Raud Ungdom og Unge Venstre vil legalisere fildeling, mens Komponistforeininga seier det ville vere som «å invitera spritsmuglarar til førelese om alkoholpolitikk på Arbeiderpartiets landsmøte». I Storbritannia vil ein ny lov om ulovleg fildeling tre i kraft frå april neste år, som vil påleggje vevtilbydarane å gjere noko med problemet (dei er veldig lite konkrete).

Fildeling er starten på ein ny industriell revolusjon

Daniel Søland Jackson har skrivi ein artikkel om fildeling på oppmoding frå Dagbladet som vart publisert i dag. Det er ein god artikkel om eit viktig emne som eg rådar alle å lese.

Eg tilgir med dette Dagbladet for dumskapen med mannen som «datt» overbord.

Andreas Tolf Tolfsen