Posts tagged with "fri programvare"

Få ein PDF-lesar som er fri programvare

Frå PDFreaders.org:

Portable Document Format (PDF) er eit mykje brukt format til publisering av formatert tekst og dokumenter. PDF har sitt utspring frå Adobe, og er seinare publisert, standardisert og vidareutvikla i fleire steg. Dette har ført til at det finnast fleire ulike versjonar av formatet, kor nokre kvalifiserer som ein open standard, kor nokre er godkjende av ISO, og kor nokre er brydd med patenter på programvare.

Mange programmer kan lese og skrive PDF-dokumenter, og det er gode grunnar til kvifor ein byrde føretrekkje ein PDF-lesar som er fri programvare.

Det viktigaste er at valet ditt vernar om dei fire grunnleggjande fridomane dine, som gjer deg kontroll over datamaskina di, og som medverkar til å verne om privatlivet ditt. Truleg vil du ogso ynskje å velje dei versjonane av PDF som er opne standardar, av di opne standardar syt til å verne om konkurranse og fritt val.

Andreas Tolf Tolfsen

Opptadd!

I operaen.

Eg hev så mykje å gjere om dagen at eg ikkje har fått vigd så mykje tid til denne bloggen som eg eigentleg hev hatt lyst til. Målet mitt er å bruka han meir aktivt til å skriva om ting som opptek meg, nemleg musikkvitskap, fridom på verdsveven og personvern.

Den siste tida her eg mellom anna:

  • Skrivi utruleg mykje talko-kode. Eg trur me byrjar å sjå gode resultat. talko er publisering og dugnad for vev gjort riktig.
  • I forlenginga av det gleder eg meg til å ta fatt på Bikuben, som er det neste prosjektet til E-tenesta. Der skal det vere mogleg å teke del i digital dugnad på verdsveven.
  • Eg har lest ein god del litteratur. Mellom anna tilrår eg:
    • Empirical Musicology, redigert av Eric Clarke og Nicholas Cook. Eg blir glad av å lese Tia DeNora.
    • Ringdrotten, omsett av Eilev Groven Myhren.
    • Getting Real, av 37Signals, som handlar om motivering, tidsbruk og føretaksstyring. Eg har blitt mykje meir produktiv. Bli ekte du òg!
    • Mellom triumf og tragedie, biografi om Geirr Tveitt av Reidar Storaas. Sjølv om boka er svært farga av biografen så er han verd å lese. Eg hev så vidt starta på ho.
  • Skrivi eit nytt vevlogg-system. Berre for å øve meg.
  • Skrivi (og holdt) ei innleiing om datalagringsdirektivet.
  • Laga ein ny bunad til Raudts nye vevsider som kjem i november. Det har teke utruleg mykje tid, og eg er ennå ikkje ferdig.
  • Planlagt oppgraderinga av Raudts sider: Det er mykje folk involvert. Men eg elskar dugnad.
  • Sett ein del oppsetjingar på den nye operaen. Daniel Barenboim og East-Western Divan Orchestra fremførde mellom anna fyrste akt av Die Walküre, som var heilt, heilt himmelsk.
  • Skrivi ein strykekvartett-oppgåve på skulen. Eg trudde ikkje det skulle ta 13 timar å instrumentera ho.
  • Vori på litteraturfestival for fyrste gong. Eg likar å gjere nye ting. Der møtte eg Binka, ElisabethIC og Kristin Storrusten.

Hei so lengje!

Oppdatert: Onsdag 24. september 13:28 CET

Andreas Tolf Tolfsen

Gratulerer med dagen GNU!

Den siste tida hev eg hadd så mykje å gjere at eg ikkje hev hatt tid til å ynskje GNU-prosjektet gratulerer med dagen. I desse dagar er det altså 25. år sidan Richard Stallman starta prosjektet med å lage eit heilt fritt operativsystem – GNU.

Frå GNU-prosjektet hev vi fått nokre av dei mest fascinerande programma som hev blitt skrivi, mellom anna GNU Compiler Collection, GNU C Library, GNU Debugger, GNU Emacs, Bash og det kjende skrivebordsmiljøet GNOME.

GNU-prosjektet markerte på mange måtar starten av fri programvare-rørsla. Fri programvare handlar om å gjere informasjon tilgjengeleg for alle, utan omsyn til kvar du er i verda eller kor mykje pengar du hev. Fri programvare handlar òg om fridomen til å gjera kva du vil med datamaskinen din. Det er fire definisjonar på fridom:

  • Fridomen til å kjøyra programmet, utan omsyn til føremål.
  • Fridomen til å studera korleis programmet fungerer, og å tilpassa programmet til å dekkja din trong.
  • Fridomen til å distribuere programmet så du kan hjelpe vennane dine.
  • Fridomen til å forbetre programmet, og til å gjera forbetringane dine tilgjengelege slik at alle kan nyte godt av dei.

Fri programvare er mykje meir enn GNU-prosjektet. Fri programvare-rørsla, samans med borgarrettsorganisasjonar og personvernsorganisasjonar som EFF og Free Software Foundation, hev spela enormt viktige roller når informasjon hev blitt teke vekk frå offntlegheita og putta i lukka datasystem bak proprietære protokollar. Dette hev gjort GNU til meir enn berre eit operativsystem.

GNU/Linux-distribusjonar kjøyrer idag på mange hundre milionar av verdas datamaskinar. Folk bruker det fordi fridom er viktig, og fordi det fungerer og gjer jobben betre for dei. At det finst mange hundre distribusjoner, som Debian og gNewSense ([GNeUsense]) for å nemne to, gjer òg at det er lettare å finne noko som passar deg.

Det er viktig å vere opptatt av fridomen sin, og vi hev alle ein oppgåve for å sørgje for at den ikkje blir innsnevra. Fridomen din er under åttak heile tida. Programvare-patentar, FRA-loven, DMCA, DRM, datalagringsdirektivet og MPAA/RIAA for å nemne nokre høve. Gje ikkje burt fridomen din til politikarar eller andre, og ver oppmerksam og årvaken.

Eg oppfordre deg til å gjera eit tilskot til Free Software Foundation, som støttar utveklinga av GNU. Over 70 % av inntektane deira i fjor kom frå privatpersonar som du og eg, og kvar krone gjeld.

Til slutt vil eg seia med Stephen Fry: Gratulerer med dagen, GNU!

Andreas Tolf Tolfsen