Posts tagged with "frigjering"

Mishandling av palestinske demonstrantar

7. juli i år vart den 27 år gamle palestinske demonstranten Ashraf Abu Rahma mishandla og drepen av isrealske soldatar. Rahma fekk bind for auga, og blei lagt i handjern før han blei slått og skutt på kloss hold. Ugjerninga blei gjort av ei 14 år gamal jente i Rahmas familie.

Andreas Tolf Tolfsen

Væpna opptøyar i Burma

Burmesiske munkar vil no gå til væpna kamp mot diktaturregimet i landet viss dei får våpen og opplæring. Enn så lengje det er ein kamp primært ført av det burmesiske folket, ser eg ikkje noko galt i å støtte deira krav om demokrati.

Situasjonen er no så ille at nærast alt vil vere til det betre.

Andreas Tolf Tolfsen

Tyrkiske miliære set kurs for kurdiske sepratistar

Reuters/The Independent melder idag at tusenvis av tyrkiske militære har kryssa grensa til Nord-Irak, med kurs for dei kurdiske områda. Deira hovudfiende er PKK, det kurdiske arbeiderpartiet, som er rekna som ei terroristgruppe båe av USA og EU.

Faktum er fortsatt, at sjølv om Tyrkia er godtekne som søkjerar til EU fortsett dei å bryte grunnleggjande menneskerettar ved systematisk undertrykking av den kurdiske minoriteten i dei tyrkisk-kurdiske områda.

Det er viktig å heve røsta for at desse skal bli høyrt. Tyrkias offisielle linje, som avgjord blir oppfatta som god fisk i dei fleste vestlege land, er for det beste ei sterkt modifisert sanning.

Andreas Tolf Tolfsen