Posts tagged with "katolisismen"

Den katolske kyrkja og musikk

For to år sia var det mykje oppstuss omkring moderniseringa av musikken i den katolske kyrkja, og nokre sensasjonsaviser fekk det til å bli at kyrkja ville bannlyse gitarspel frå gudstenestene. Røynda var til alt hell ei anna. Den katolske kyrkja (men andre kyrkjer òg) har likevel eit reaksjonært syn på musikk. I mellomalderen var det kyrkja i Roma som vedtok korleis musikken skulle vere, og Palestrina er kjent som ein av dei viktige reformatorane i musikkhistoria. I dag er det heilt andre faktorar som avgjer musikkutveklinga.

Benedikt XVI vil bruke- og byggje vidare på den gregoriansk song og renessansepolyfoni, og får det til å høyres ut som den katolske kyrkja aldri heilt fekk med seg den protestantiske omveltinga av europeisk kultur- og åndsliv som gjekk føre seg på 1500-talet.

Michael Linton kommenterte på utspelet som skapte gitar-overskriftane i 2006, og skreiv blant anna at «[...] the singing was bad enough to embarrass an atheist» om koret i Det Sixtinske Kapell. Det får meg naturlegvis til å lura på om det er nokon samanheng mellom kvaliteten og repertoaret.

Andreas Tolf Tolfsen

Ein pave som nektar å kome til eit kompromiss

Den katolske kyrkja kan hende endrar synspunkt på nokre ting, men abort er ikkje ein av dei, skriv den britiske avisa The Independent. Pave Benedict XVI har nyleg vert ute og kritisert Amnesty International for deira «liberale» syn på saka.

Læra i den katolske kyrkja seier at eitkvart menneskje fyllas av ein sjel frå dei blir lagd. Pave Johannes Paul II sa i 1995 at abort var ein «alvorleg, umoralsk handling», og viste mellom anna til Davids salme nr. 51.

Andreas Tolf Tolfsen