Posts tagged with "krakk"

Eit lite krakk

Den britiske avisa The Independent skriv i dag om det som har vært eit lite krakk i den globale økonomien. Vi har òg merka det i Noreg, da vel 200 milliardar kroner forsvann på Børsen i forrige veke. Sentralbanken i Storbritannia seier at det vil vere mogleg å «kurere» sjukdomen gjennom store innspytt av kapital og ved å senke lånerenta.

Eit par eg har snakka med har påpekt at dette ikkje kjem til å påverke menigmann. Det trur eg er feil. Eg er ingen økonom, men det er påfallande å peike på liknande trekk ved tidlegare krakk, som i 1932, 1970 og 1990.

The Economist laga i juni 2005 ein statistikk over utveklinga på bustadsprisar i Japan, USA, Storbritannia og Australia. Om vi føresetjer at statistikken ikkje lyg, kan den gje oss ei peikepinn om kva som kjem til å skje med den amerikanske bustadsmarknaden. Det er ikkje dét at husprisane kjem til å falle som eg ottast for mest, men dei enorme innverknadane det kjem til å ha på lånetakerane.

Oppdatering: Det ser no ut til at George W. Bush òg har foreslått å gje milliardar i skattelette i USA.

Andreas Tolf Tolfsen