For to år sia var det mykje oppstuss omkring moderniseringa av musikken i den katolske kyrkja, og nokre sensasjonsaviser fekk det til å bli at kyrkja ville bannlyse gitarspel frå gudstenestene. Røynda var til alt hell ei anna. Den katolske kyrkja (men andre kyrkjer òg) har likevel eit reaksjonært syn på musikk. I mellomalderen var det kyrkja i Roma som vedtok korleis musikken skulle vere, og Palestrina er kjent som ein av dei viktige reformatorane i musikkhistoria. I dag er det heilt andre faktorar som avgjer musikkutveklinga.
Benedikt XVI vil bruke- og byggje vidare på den gregoriansk song og renessansepolyfoni, og får det til å høyres ut som den katolske kyrkja aldri heilt fekk med seg den protestantiske omveltinga av europeisk kultur- og åndsliv som gjekk føre seg på 1500-talet.
Michael Linton kommenterte på utspelet som skapte gitar-overskriftane i 2006, og skreiv blant anna at «[...] the singing was bad enough to embarrass an atheist» om koret i Det Sixtinske Kapell. Det får meg naturlegvis til å lura på om det er nokon samanheng mellom kvaliteten og repertoaret.