Fleire nyansar, ein mørkare lét
Ida Habbestad hev intervjua Reidar Storaas, forfattaren av den nye Tveitt-biografien Mellom triumf og tragedie (som eg hev skrivi um tidlegare) på Ballade. Der stiller ho blant anna spørsmål om korleis ein skal lesa boka, spesielt i forhold te antisemittiske ytringar og nasjonalsosialistiske tedriv frå Tveitt i ungdomsåra (som utgjer ein stor del av boka).
Eg synst ikkje dette er den mest interessante sida å diskutere med Tveitt, men det er riktig som Storaas seier at so lengje dette blir teke upp um att og um att, skapar det eit skeivt totalbilete av Tveitt som ein sentral norsk komponist. Noko av den same underlege trongen te å berre framheve éit kapittel av eit svært mangefasettert liv gjennomsyrar òg diskursen omkring Christian Sinding; om kor vidt han i sine siste år friviljug melde seg inn i Nasjonal Samling eller ei.
Skal ein skilja mellom person og kunst? Er kunsten noko allmennbate som transcenderer politikken? Eller er det slektskap mellom dei to, og at det hev noko å seie um kunstnaren meinte spesifikke ting? Dette er mykje debatterte spørsmål. Reint konkret kan sjølvsagt ikkje musikk seie noko som helst, og ein tone hev ikkje meir eller mindre verdi um han syngjast av ei klassisk utdanna operasangerinne eller ein sjølvlærd vokalist i eit rockeband. Ein tone, eller dei grunnleggjande elementa i musikken (harmoni, klang, skalaer, osb.), eig heller ikkje politiske fargar då desse er byggjesteinane, akkurat som betongen brukt i bygginga av den israelske apartheidmuren ikkje er skuldig i overgrepa mot palestinarane. Dei er verktya vi brukar for å skapa noko materielt (i utvida forstand).
Det som skapast samstundes med musikken er assosiasjonar, og det er desse som lader musikken med meining. Eg trur det finst svært mange gradar og svært mange variasjonar av meining. Alt ifrå dei funksjonsharmoniske prinsippa i barokken og framføringspraksis, te meir direkte agitasjon for eit spesielt politisk eller moralsk standpunkt. Og i tillegg hev vi også den programmatiske musikken, som kan ha båe tekst, bilete, musikkvideoar og andre effektar som forsterkar meininga bak musikken. Det er mogleg ein bør skilje mellom assosiasjonar som er ibuande i musikken, som altså er eit resultat av nedarva musikkestetiske tradisjonar og haldningar, og assosiasjonar som komponistane prøver å la musikken vere ein eksponent for.
Eg uppfattar Tveitts mogne musikalske prosjekt for å vere eit folkloristisk prosjekt, ikkje nasjonalistisk. Det var eit utprega romantisk prosjekt der han skulle «oppdage det norske, musikalske folkelynnet». På byrjinga av 1900-talet vart det ei glødande interesse i norsk musikkliv for å finna tebake te det som var ekte og autentisk norsk. Denne «norskdomen» fekk forskjellege utfall. Medan nokre komponistar følgde ei vidareført nasjonalistisk linje frå 1800-talet (Grieg, Svendsen, Halvorsen, osb.), vart det for andre eit brot med tidlegare tysk-/austårleg-inspirert romantikk, og eit forsøk på nære seg norsk folkekultur med nye verkty og eit moderne tonespråk.
I høve til Tveitts musikk meiner eg det ikkje har så mykje å seie kva hans personlege meining eller bodskap var. Om han brukte inspirasjon frå gamle tider og dikta vidare på dei, eller om han lagde nytt stoff for å bringe oss tebake til den gamle tida hev det lite å seie for kvaliteten i det reint musikalske. Det gamle norrøne sogematerialet er ei rik inspirasjonskjelde, og kan i utvida forstand reknast for òg å ha universelle kvalitetar, likt mykje anna folkekultur elles i verda.
Éit interessante døme i samband med dette er komponisten Egil Hovland. Han stilte mellom anna te val på Abortmotstandernes liste ved sist kommuneval i Fredrikstad. Dei fleste i Noreg meiner at retten te abort burde vere ein sjølvskriven rett for kvinner, og at dei åleine skal ha kontrollen over sin eigen kropp. Soleis er dei fleste òg einige um at abortmotstandarane representerer eit forkasteleg kvinnesyn som ikkje høyrer heime nokon plass. Eit spørsmål eg synst er interessant i forhold te Hovland (og Tveitt) er um det vil vere riktig å markere avstand frå hans politiske standpunkt ved å boikotte framføringar av musikken hans. Det ville sjølvsagt vore absurd å seie at Hovlands musikk skapar assosiasjonar, eller agiterer, for abortmotstand, men ville ein slik reaksjon ha noko føre seg?
Båe Tveitt og Hovland (og Wagner, for den saks skuld) hev blitt sterkt kritisert for reaksjonære haldningar i si samtid. Eg trur at ein boikott av Hovlands musikk i dag ville hatt ein konstruktiv konsekvens ved å setje fokus på mellom anna kvinnerettar og retten til fri abort. Eg synst i utgangspunktet at kunstnarar ikkje er verna for kritikk, men spørsmålet står um også musikken kan brukast som ein kanal for kritikk. Musikk og tillagt meining (politikk) er to ulike ting. Likevel kan den eine ha påverknad på hin andre. Eg synst det er eit spanande mytisk og gløymd landskap båe komponistane tek oss med inn i, men eg ser på det som underordna den praksisen dei utøver, som representerer eit menneskesyn eg ikkje kan seie meg einig i.

