Umgrepet verdsmusikk i endring?
Lamsi Gurah Blackman skriv i nyhendemagasinet Ny Tid om href="http://www.osloworldmusicfestival.no/">Oslo World Music Festival, og problematiserer umgrepet verdsmusikk. Ho tar til dømes opp kva verdsmusikk eigentleg er, um det er eit umgrep oppfunne av musikkindustrien, og om umgrepet medverkar til å «eksotifisere» ymse typar folkemusikk.
I ein musikkvitskapleg samanheng er sjølve ordet verdsmusikk (world music) heilt fullstendig ubrukeleg som genrefastsetjande definisjon. Umgrepet vart tilskipa av plateindustrien ein gong på 80-talet for å kunne ha ein plass å putte all framand musikk. Ein populær definisjon av umgrepet, òg brukt av forelesaren min, Jan Sverre Knudsen, er all musikk som korkje er vestleg populærmusikk eller vestleg kunstmusikk.
Dette seier sjølvsagt noko om vestleg, europeisk overherredøme innan moderne musikkproduksjon. Musikken blir marknadsført som eksotisk, marginal og annleis. Reint musikalsk er det lite som bind saman samisk folkemusikk, popifisert musikk med afrikanske instrument, afro-kubansk musikk og Jan Garbareks versjon av «Sweet Lullaby» frå Salamon øyi.
Eit sentralt tema er myten om det autentiske, som blant anna David Byrne tok opp sin artikkel «I hate World Music» i New York Times i 1999. Vestlege lytterar er sers upptekne av kva som er «ekte» musikk, og han skriv at det er ein pervers trong til å heller sjå framande utøverar i deira nasjonaldrakter enn deira vanlege klede, mykje likt kva vi går i til dagleg. Um dei ser ut som oss kan vi nemleg rekne med at musikken deira er «kalkulert, marknadsstyrt og urein».
Blackman manar til at Oslo World Music Festival må bli den siste i denne tradisjonen, og at målet må vere å klargjere mangfaldet av dei genre artistane representerer. Hennar uppmoding er å vise dei store forskjellane i staden for «å skape kjensla om at alt er same sekk».
David Byrne spådde ei endring av verdsmusikkfeltet allereie i 1999, for åtte år sida. Framleis er umgrepet i stendig bruk. I NRKs Ljodverket (mi umsetjing) 17. oktober gjekk debatten nettupp om umgrepet vart modent for skraphaugen. Utifrå eit musikkteoretisk standpunkt er han det.
