Posts tagged with "nato"

USAs rakettskjold i Europa

Det vert for tida diskutert i NATO om ein skal etablere eit USA-eigd rakettskjold i Europa. I førebuinga til dette deltek utanriksminister Jonas Gahr Støre på eit uformelt utanriksmøte i NATO, berre veker før NATO-toppmøtet i Bucuresti i april.

Støre seier i eit intervju med Klassekampens Anders Horn at han kjem til å argumentere mot skjoldet når han møter sine kolleger. Ifølgje Klassekampen «gjev han [samstundes] klår melding om at eit norsk veto eller ein norsk fotnote ikkje er blant verktya han kan eller vil bruke i rakettskjoldsaka».

Støre snakkar vidare i intervjuet om NATO-alliansens einheit, sidan nokre land vil falle utafor rakettskjoldets område, og seier blant anna at «- Eg har ei strategi å posisjonere Noreg slik at vi står imdt i den debatten, at vi blir høyrt, og at vi er i stand til å påverke utfallet på denne og andre saker«. Han fortsett i same stil: «- Det er kvaliteten på argumenta og evna til å få andre til å vise forståing for dei som sikrar Noregs gjennomslag».

Eg må difor spørje sjølv to spørsmål. Framstår ein som meir reflektert berre ein gjer inntrykk av å vere rådvill og tvilrådig i ein slik debatt? Og kva har kvaliteten på argumenta å seie om eit rakettskjold blir vedtatt?

Desse er sjølvsagt retoriske spørsmål. For eg reagerer på dette her. For det fyrste ynskjer han å framstå, i debatt med dei andre NATO-landa, som ein med stor innsikt og samarbeidsvilje. Sjølvsagt er det ikkje noko galen med desse tinga.

Men no er saka slik at ifølgje Soria Moria-erklæringa, som han og hans regjering skal føyre politikk etter uthevar at Noreg skal motarbeidde eit slikt rakettskjold. Ikkje berre medverkar det til å byggje opp høgare murar mellom Europa, Afrika, Midt-Austen og østblokk-landa, men einkvar person med noko sjølvinnsikt burde forstå at opprusting ikkje er den rette vegen å gå.

Kvaliteten må argumenta må gjerne vere gode, dét har eg ingenting mot. Men det har ingenting å seie om eit rakettskjold faktisk blir vedtatt. Nettopp difor må vi vere klåre til å ta ut veto.

Andreas Tolf Tolfsen

NATO fortel om klasebombene sine i Serbia

NATO vil endeleg fortele den serbiske regjeringa kvar dei slapp tusenvis av klasebomber under Kosovo-krigen, meir enn åtte år etter at krigen vart ferdig.

Amerikanske, britiske og nederlandske styrker slapp truleg meir enn 2000 klasebomber, som innehaldt 380000 ladinger, under operasjon «Allied Force». Ifølgje ein konferanse haldt i år har seks serbarar, inkludert tre barn, blitt drepen sidan 1999, og tolv menneskje, og av dei seks barn, blitt skada.

Andreas Tolf Tolfsen

Blitz storma av politi — 200 arresterte

Blitz

Eg har ikkje mykje tru på Blitz som ei progressiv bevegelse, men eg vart mildt sagt forbanna når Dagbladet møtte meg med nyheita om at over 200 demonstrerande vart arrestert etter demonstrasjonen mot NATOs utenriksministrar på flyet heim frå Praha i dag tidleg.

Ifølge rapportar frå folk eg stolar på som var der brukte politiet tåregass mot demonstrantar dei allreie hadde kontroll over. Eg er kjempeglad for at Raudt har kritisert politiets aksjon og funna dei gjorde som eit påskot for til å få Blitz-huset stengt.

Andreas Tolf Tolfsen