Posts tagged with "nokia"

Nokia hevdar OGG-formatet er proprietært

Nokon gonger lurer eg på kva nokre selskap tenkjer med. For Nokias tilfelle er det tydleg at dei tenkjer med juristar istaden for med sine eigne brukarar. For eit par månader sia vart det vedteken av ei arbeidsgruppe i W3C å bruke Ogg/Theora+Vorbis som den tilråda video-dekodinga for HTML5. Nokia prøver no å få det omgjord, og dei hevdar no at Ogg er proprietært.

Det er verd å håpe på at dei blir overkjøyrde av resten, sjølv om Apple tidlegare òg har vore kritiske til å bruke ein open standard istaden for DRM.

Andreas Tolf Tolfsen