… og etter det, onsdag
Det er svært lite truleg at nokon kjem til å synest detta er interessant. Eg snakkar veldig sjeldan om meg sjølv, men eg må vedgå at var litt stas å bli å bli tægga av Binka. Altso, her kjem eit heilt unikt glimt frå det Tolfske liv:
- Eg hatar ineffektive- og ulogiske folk. Eg blir t.d. fort forbanna om nokon forstyrrar ei elles fin framdrift og flyt i infrastruktur. Som når nokon går kjempesakte, sperrar heile vegen, og hindrar andre i å koma fram. Kort fortald likar eg effektivitet, og gode, elegante løysingar; same kva område det gjeld. Det er noko veldig vakkert ved ting som funkar og ganske enkelt passar perfekt inn i verda umkring oss.
- Eg er dårleg på å førebu ting. Tross inntrykket folk hev av meg som strukturert, er eg veldig impulsiv, og lagar oftast dei beste og mest vellukka tinga i siste lita.
- Eg kan fort gløyme å ete i fleire dagar.
- Eg drøymer um å skapa (eit større) musikkdramatisk verk. Eg lagar mykje greier, men er enormt sjølvkritisk, og kvir meg ofte for å framføre noko av det.
- Eg likar å vera kreativ, og elskar kjensli av rusen når noko du hev jobba med er ferdig.
- Eg skal spela Haydn og Tveitt på ein huskonsert på fredag. Same dag eg skal innlevere heime-eksamenen min i jazz/pop/rock som eg (skulle) jobba(r) med no. Hurra.
Reglane for tægginga er:
- Du må lenke til bloggen som tægga deg
- Lag ei liste med seks (u)interessante ting um deg sjølv
- Tægg fem andre bloggar, og la dei vite det ved å kommentere på bloggen deira
Men som vi alle veit, er reglar til for å brytast. So for å spara meg sjølv for alt det eg ikkje vil vite om dei resterande vennane mine, vel eg å ikkje tægga nokon som helst.
