Gratulerer med dagen GNU!
Den siste tida hev eg hadd så mykje å gjere at eg ikkje hev hatt tid til å ynskje GNU-prosjektet gratulerer med dagen. I desse dagar er det altså 25. år sidan Richard Stallman starta prosjektet med å lage eit heilt fritt operativsystem – GNU.
Frå GNU-prosjektet hev vi fått nokre av dei mest fascinerande programma som hev blitt skrivi, mellom anna GNU Compiler Collection, GNU C Library, GNU Debugger, GNU Emacs, Bash og det kjende skrivebordsmiljøet GNOME.
GNU-prosjektet markerte på mange måtar starten av fri programvare-rørsla. Fri programvare handlar om å gjere informasjon tilgjengeleg for alle, utan omsyn til kvar du er i verda eller kor mykje pengar du hev. Fri programvare handlar òg om fridomen til å gjera kva du vil med datamaskinen din. Det er fire definisjonar på fridom:
- Fridomen til å kjøyra programmet, utan omsyn til føremål.
- Fridomen til å studera korleis programmet fungerer, og å tilpassa programmet til å dekkja din trong.
- Fridomen til å distribuere programmet så du kan hjelpe vennane dine.
- Fridomen til å forbetre programmet, og til å gjera forbetringane dine tilgjengelege slik at alle kan nyte godt av dei.
Fri programvare er mykje meir enn GNU-prosjektet. Fri programvare-rørsla, samans med borgarrettsorganisasjonar og personvernsorganisasjonar som EFF og Free Software Foundation, hev spela enormt viktige roller når informasjon hev blitt teke vekk frå offntlegheita og putta i lukka datasystem bak proprietære protokollar. Dette hev gjort GNU til meir enn berre eit operativsystem.
GNU/Linux-distribusjonar kjøyrer idag på mange hundre milionar av verdas datamaskinar. Folk bruker det fordi fridom er viktig, og fordi det fungerer og gjer jobben betre for dei. At det finst mange hundre distribusjoner, som Debian og gNewSense ([GNeUsense]) for å nemne to, gjer òg at det er lettare å finne noko som passar deg.
Det er viktig å vere opptatt av fridomen sin, og vi hev alle ein oppgåve for å sørgje for at den ikkje blir innsnevra. Fridomen din er under åttak heile tida. Programvare-patentar, FRA-loven, DMCA, DRM, datalagringsdirektivet og MPAA/RIAA for å nemne nokre høve. Gje ikkje burt fridomen din til politikarar eller andre, og ver oppmerksam og årvaken.
Eg oppfordre deg til å gjera eit tilskot til Free Software Foundation, som støttar utveklinga av GNU. Over 70 % av inntektane deira i fjor kom frå privatpersonar som du og eg, og kvar krone gjeld.
Til slutt vil eg seia med Stephen Fry: Gratulerer med dagen, GNU!
