Posts tagged with "politimakt"

Afghanerane fjerna kl. 1 i natt

Arnljot Ask, internasjonal sekretær i partiet Raudt skreiv ein e-post til interndebattlista i partiet i kveld, omkring kl. 2, kor han rapporterte at alle dei 42 afghanarane vart fjerna frå Eidsvollsplass, utanfor Stortinget.

Over halvparten har no blitt sendt til Trandum, og ein reknar med at resten vil bli sendt på ventemottak.

Afghanarane risikerer no å bli tvangsreturnerte til eit krigsherja land, mot FNs tilrådingar. Eg skreiv for berre tre dagar sia om at sju barn vart drepen i eit flyangrep på ein skule. Det er dette landet som regjeringa, Stortinget og den borgerlege pressa vil at du skal tru er trygt.

Noreg er no i ferd med å sende mange menneskje til eit krigsherja område, og med det ein høgt framskynda død. Og vi som nordmenn er med på å la dette skje.

Møt opp utanfor Stortinget i kveld kl. 18:00 for å demonstrere mot regjeringas innvandringspolitikk, og vis din støtte til dei 42 afghanarane som akkurat har gått pilegrimsruta frå Trondheim til Oslo i eit siste forsøk på å få norske myndigheiter til å høyre.

Andreas Tolf Tolfsen

Blitz storma av politi — 200 arresterte

Blitz

Eg har ikkje mykje tru på Blitz som ei progressiv bevegelse, men eg vart mildt sagt forbanna når Dagbladet møtte meg med nyheita om at over 200 demonstrerande vart arrestert etter demonstrasjonen mot NATOs utenriksministrar på flyet heim frå Praha i dag tidleg.

Ifølge rapportar frå folk eg stolar på som var der brukte politiet tåregass mot demonstrantar dei allreie hadde kontroll over. Eg er kjempeglad for at Raudt har kritisert politiets aksjon og funna dei gjorde som eit påskot for til å få Blitz-huset stengt.

Andreas Tolf Tolfsen