Posts tagged with "rakettskjold"

USAs rakettskjold i Europa

Det vert for tida diskutert i NATO om ein skal etablere eit USA-eigd rakettskjold i Europa. I førebuinga til dette deltek utanriksminister Jonas Gahr Støre på eit uformelt utanriksmøte i NATO, berre veker før NATO-toppmøtet i Bucuresti i april.

Støre seier i eit intervju med Klassekampens Anders Horn at han kjem til å argumentere mot skjoldet når han møter sine kolleger. Ifølgje Klassekampen «gjev han [samstundes] klår melding om at eit norsk veto eller ein norsk fotnote ikkje er blant verktya han kan eller vil bruke i rakettskjoldsaka».

Støre snakkar vidare i intervjuet om NATO-alliansens einheit, sidan nokre land vil falle utafor rakettskjoldets område, og seier blant anna at «- Eg har ei strategi å posisjonere Noreg slik at vi står imdt i den debatten, at vi blir høyrt, og at vi er i stand til å påverke utfallet på denne og andre saker«. Han fortsett i same stil: «- Det er kvaliteten på argumenta og evna til å få andre til å vise forståing for dei som sikrar Noregs gjennomslag».

Eg må difor spørje sjølv to spørsmål. Framstår ein som meir reflektert berre ein gjer inntrykk av å vere rådvill og tvilrådig i ein slik debatt? Og kva har kvaliteten på argumenta å seie om eit rakettskjold blir vedtatt?

Desse er sjølvsagt retoriske spørsmål. For eg reagerer på dette her. For det fyrste ynskjer han å framstå, i debatt med dei andre NATO-landa, som ein med stor innsikt og samarbeidsvilje. Sjølvsagt er det ikkje noko galen med desse tinga.

Men no er saka slik at ifølgje Soria Moria-erklæringa, som han og hans regjering skal føyre politikk etter uthevar at Noreg skal motarbeidde eit slikt rakettskjold. Ikkje berre medverkar det til å byggje opp høgare murar mellom Europa, Afrika, Midt-Austen og østblokk-landa, men einkvar person med noko sjølvinnsikt burde forstå at opprusting ikkje er den rette vegen å gå.

Kvaliteten må argumenta må gjerne vere gode, dét har eg ingenting mot. Men det har ingenting å seie om eit rakettskjold faktisk blir vedtatt. Nettopp difor må vi vere klåre til å ta ut veto.

Andreas Tolf Tolfsen