Posts tagged with "raud ungdom"

Kuttar nettlinja til fildelarane

Kulturminister Trond Giske vil kutte nettlinja til dei som lastar ned musikk ulovleg frå verdsveven. Raud Ungdom og Unge Venstre vil legalisere fildeling, mens Komponistforeininga seier det ville vere som «å invitera spritsmuglarar til førelese om alkoholpolitikk på Arbeiderpartiets landsmøte». I Storbritannia vil ein ny lov om ulovleg fildeling tre i kraft frå april neste år, som vil påleggje vevtilbydarane å gjere noko med problemet (dei er veldig lite konkrete).

Storaksjon mot statsbudsjettet

Imorgon, fredag, arrangerer Raud Ungdom ein storaksjon i samband med framlegginga av statsbudsjettet. For å markere oss for betre, fleire og billigare student- og ungdomsboliger skal vi slå opp ein studentleir utanfor Regjeringskvartalet der Regjeringas pressekonferanse foregår.

Om du er i Oslo eller omegn imorgon kl. 11:00, og kjenner det ristar i aksjonsfoten? Møt opp på partikontoret i Osterhausgate 27!

Andreas Tolf Tolfsen