Posts tagged with "storbritannia"

Kuttar nettlinja til fildelarane

Kulturminister Trond Giske vil kutte nettlinja til dei som lastar ned musikk ulovleg frå verdsveven. Raud Ungdom og Unge Venstre vil legalisere fildeling, mens Komponistforeininga seier det ville vere som «å invitera spritsmuglarar til førelese om alkoholpolitikk på Arbeiderpartiets landsmøte». I Storbritannia vil ein ny lov om ulovleg fildeling tre i kraft frå april neste år, som vil påleggje vevtilbydarane å gjere noko med problemet (dei er veldig lite konkrete).

Sjølvbestemd abort – ikkje i Nord Irland

I 1967 blei sjølvbestemd abort innførd i Storbritannia. Men ikkje i Nord-Irland. Dette er å gjere grov skilnad på folk. Det har teken 40 år før desse kvinnane hev moglegheita til å få dei same rettane som sine britiske systre. Eg håpar berre ikkje den katolske kyrkja øydeleggjar no igjen.

Andreas Tolf Tolfsen

Forslag om å halde terrormistenkte i opptil 42 dagar blei nedrøysta

Storbritannias statsminister, Gordon Brown, blei nedrøysta av sine eigne representantar frå Labour da forslaget om å halde terrormistenkte utan rettsleg varetektsfengsling i opptil 42 dagar var oppe til røysting i det britiske parlamentet.

Terrormistenkte kan i Storbritannia i dag verte haldne i opptil 28 dagar utan nokon rettsleg grunning.

Andreas Tolf Tolfsen

Britisk skule radiomerkar elevar

Ein britisk skule i Doncaster er pionerar i bruken av eit system som skal halde oversikt over kvar elevane er. Prøveprosjektet går ut på å sy inn ein chip i skuleuniformen til elevane.

Ifølgje The Register blir det omsett skuleuniformer i Storbritannia for 300 millionar pund årleg, tilsvarande 3,6 milliardar norske kroner.

Andreas Tolf Tolfsen