Posts tagged with "trond giske"

Kuttar nettlinja til fildelarane

Kulturminister Trond Giske vil kutte nettlinja til dei som lastar ned musikk ulovleg frå verdsveven. Raud Ungdom og Unge Venstre vil legalisere fildeling, mens Komponistforeininga seier det ville vere som «å invitera spritsmuglarar til førelese om alkoholpolitikk på Arbeiderpartiets landsmøte». I Storbritannia vil ein ny lov om ulovleg fildeling tre i kraft frå april neste år, som vil påleggje vevtilbydarane å gjere noko med problemet (dei er veldig lite konkrete).